Informasjon

Kontakt

Tlf. 53 42 35 00 | post@bomlokulturhus.no | Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes

 

Billettsal

Billettluka er open kl. 10:00–15:00 
Billettsalet er også ope ein time før framsyning.

Billettkjøp her på nettsida
Her på bomlokulturhus.no kan du enkelt og sikkert kjøpa billettar, berre trykk på "Kjøp"-knappen på framsyninga. Du får då ein billett på e-post. Du treng ikkje skriva ut billetten dersom du kan syna e-posten frå mobiltelefonen din når du kjem til kulturhuset. 

Har du kjøpt billett på nett? – Trykk her for å sjekka om billettkjøpet er gjennomført.

Reservering av billettar
Reserverte billettar til kulturarrangement må hentast 3 dagar etter reservasjon. Det er ikkje mogleg å reservera billettar på telefon eller kjøpa billettar på internett når det berre er ein time att til framsyninga. 

Refusjon av billettar

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i billettluka. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Dersom du ynskjer å byta billetten din til ei anna framsyning kan me i dei fleste tilfelle hjelpa deg med det. Ved avlyste arrangement vil du få attende verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning. 

 

Aldersgrenser på kino

Frå 1. juli 2015 innførte Medietilsynet nye aldersgrenser. Trykk her for meir informasjon om aldersgrensene

 

Om huset

I hovudetasjen i kulturhuset finn du administrasjonen for kulturhuset og kulturskulen, Storsalen med 349 sitjeplassar i amfi og Litlesalen med 100 sitjeplassar i amfi. Dette er knytt saman av ein foajé på nær 300 rutemeter som vert nytta til servering, utstillingar, konsertar, møter osb. 

I underetasjen finn du kulturskulen sine øvingsrom, dansesal, blackbox, Kulturskulesalen på 120 rutemeter, fritidsklubben med kjøken, møterom, artistgarderobar, teaterverkstad, toalett og 200 rutemeter disponibelt areal for publikum.

Huset inneheld heis, og er elles tilpassa rullestolbrukarar på alle plan.

 

Dei tilsette

Hanne Jacobsen – kulturhusleiar
Tlf. 958 00 261 – hanne@bomlokulturhus.no

Knut Erik Gilje – bygg, kinoteknikk
Tlf. 976 53 955 – knuterik@bomlokulturhus.no

Hans-Olav Molde – marknadsføring, sceneteknikk
Tlf. 977 44 816 – hansolav@bomlokulturhus.no

Tina Elisabeth Spissøy – vertskap, reinhald
tinaelisabeth@bomlokulturhus.no

Thomas Meling – kino, kiosk
thomas@bomlokulturhus.no

_
_
_