Aldersgrenser på kino

Medietilsynet set aldersgrenser på alle filmar som skal synast på kino. Frå 1. juli 2015 fekk me nye inndelingar av aldersgrensene:

 

Tillatt for alle Filmar som er tillatne for alle skal ha eit roleg, lett og hyggjeleg uttrykk. Det kan vera kortvarige "bø-effektar" eller litt spanande element i ein trygg ramme.
Aldersgrense 6 år Ein film med 6-årsgrense kan innehalda enkelte mørke, dramatiske eller noko trugande scener. Den kan også innehalda korte innslag med kraftige lyd- og bileteffektar.
Aldersgrense 9 år Ein film med 9-årsgrense kan ha parti med mørk, intens eller utrygg stemning. Dette kan til dømes vera noko dramatiske bilete av ulykker eller barn som har det vanskeleg (inkludert mobbing). Kortvarige og lite nærgåande valdsinnslag kan også få 9-årsgrense.
Aldersgrense 12 år I filmar med 12-årsgrense kan det vera gjennomgåande mørk stemning – og mykje frykt både i karakterar, scener og musikk. Det kan også førekomma kortvarige skrekkeffektar og lite nærgåande skildringar av seksualitet.
Aldersgrense 15 år Ein film med 15-årsgrense kan ha angstskapande stemning, og innehalda realistiske innslag av katastrofer, krig, omsorgssvikt eller overgrep. Skrekkfilmar, filmar med drap eller detaljerte seksuelle skildringar får normalt 15-årsgrense.
Aldersgrense 18 år Ein film med 18-årsgrense kan ha særleg angstskapande stemning, og innehalda store mengder brutale og detaljerte valdshandlingar, særleg i kombinasjon med eit angstskapande uttrykk. Skildringar av grov seksualisert vald gjev normalt også 18-årsgrense. Filmar som Medietilsynet ikkje har vurdert må synast med 18-årsgrense på kino.

 

Når du skal ta med barn som er yngre enn aldersgrensa på kino

Barn og unge er ulike. Difor skal du ta hensyn til barnet si modning og tålegrense når du velgjer å ta med deg nokon som er yngre enn aldersgrensa. Sjølv om du til dømes kan ta med ein 6-åring på ein film med 9-årsgrense er det ikkje sikkert filmen passar nettopp for ditt barn. For aldersgrensene 9, 12 og 15 kan du ta med barn som er inntil tre år yngre. Alle barn kan gå på film med 6-årsgrense i følgje med føresette. 18-årsgrensa er absolutt.

_
_
_