Har du lyst å feira bursdag på kino?

Kinobursdag er populært, sæleg for dei mellomstore barna. Om du ynskjer deg ei pakkeløysing for bursdagsfeiringa tilbyd me kinobursdag i samarbeid med Gaffel & Vaffel. Lettvint for foreldra – superkjekt for barna!

 

FEST!

Anten de vil ha pølser, pizza eller noko anna, så fikser me det – berre spør!

Priseksempel per person:

Pizza og brus: 140,–
To pølser og brus: 80,–
Pizzabolle og brus: 85,–
Liten popcorn og Kuli: 40,–

Prisane inkluderer oppdekking, servering og rydding i caféen. 

 

FILM!

Alle i bursdagsselskapet får 10 % rabatt på kinobillettane

Filmen vel de frå kinoprogrammet, altså dei ordinære visningane: http://bomlokulturhus.no/program/. Merk at kinoprogrammet vert lagt veke for veke, så filmar som kjem lenger fram i tid finn de her: http://bomlokulturhus.no/program/#Kommende.


Bestillingar og spørsmål:
post@bomlokulturhus.no eller tlf. 53 42 35 00


Vel møtt til ei annleis bursdagsfeiring!

_
_
_