Åretak

Ny, lokalhistorisk film om Langevåg!


Åretak er ei historie om bømlingens tilknyting til sjøen gjennom utallege generasjonar, og korleis ein stadig finn nye måtar å utnytta havets frukter på. Filmen gir eit innblikk i oppdaginga av ei unik historie frå då dei første menneska sette sine bein på øya. Historia strekker seg fram til i dag, og visar at sjøen fortsatt spelar ei viktig rolle. Åretak tar for seg utfordringar bygda står overfor, og sett fokus på utviklinga vidare. 


Det handlar om å overleva stormen du ikkje kan unngå, og unngå stormen du ikkje kan overleva.

 

Produksjon: Marius Glærum og Krister Vold
Støttande partar: Langevåg Utvikling, Leva Urban Design

Filmen er laga på Bømlo. Regi, innspeling og medverkande personar er frå Bømlo.

Filmskaparane:
Krister Vold og Marius Glærum er fråflytta bømlingar som ville gje noko tilbake til bygda. Dei har heilt sidan barndom vore interessert i å laga film. Ingen av dei har formell utdanning innan feltet. Dei er sjølvlært, hardtarbeidande og standhaftige etter å gje sitt bidrag for å sikra si heimbygdas framtid.

_
_
_