Christine Hope – "Hope, skulder, kne og tå"

“Vestlandets humordronning” er Christine Hope vorte kalla av publikum som har sett dette humorshowet, “Hope • skulder • kne og tå”. Latteren har stått i taket i Bergen denne våren frå dei 25 000 som har sett showet. Avisene har kvittert med terningkast 5 og strålande meldingar.

Christine Hope er denne gongen galnare, gøyare – og mer bøyeleg enn nokon gong. Ho byd på flunkande nye figurar og parodiar, samt gjensyn med hennar mest kjende karakterar. Blant anna får du møta den seksuelt frustrerte ”Moren til Birgitte” og den verbale mitraljøsen – Moren til Karoline Krüger – daman som snakkar raskare enn sin eigen skugge. Og hennar treffande parodi på popkometen Aurora.
 
Er du klar for å møta kvinna som har glimt i auga, nase for komikk og smil om munnen? Er du klar for å le så tårene trillar? Bli med inn i Christine Hopes vidunderlege og vittige verd.

Regien er ved Arvid Ones.  

 

Billettar til Christine Hope – "Hope, skulder, kne og tå"

  1. Fre 27. okt kl 19:00 460 kr   Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_