Ein kveld med Tore Renberg og Janne Stigen Drangsholt

Me er glade for å kunna ønskja velkommen til litterær kveld med Tore Renberg og Janne Stigen Drangsholt.

Også denne kvelden skal me sjå på kva som har inspirert forfattaren – kva er Tore og Janne sin litterære kanon?

Tore Renberg debuterte i 1995 og har skrive mange bøker som blir lest av et stort publikum både i Norge og utlandet. Mange kjenner sikkert til Teksas-serien og romanane om Jarle Klepp. Renberg har mellom anna motteke Bokhandlerprisen og P2-lytternes romanpris. Han har også utmerka seg innan film, teater og musikk. 

Janne Stigen Drangsholt frå Sandnes er ein norsk forfattar. Ho debuterte med romanen Humlefangeren i 2011. Drangsholt er litteraturforskar og førsteamanuensis i engelsk litteratur ved Institutt for kultur- og språkvitenskap, Universitetet i Stavanger. Ho er dr.art. fra Universitetet i Bergen med ein avhandling om den britiske forfattaren Ted Hughes. 

Samtalen vert leia av Ingrid Leithaug Mjanger.

 

Arrangementet er støtta av

Fritt Ord

Billettar til Ein kveld med Tore Renberg og Janne Stigen Drangsholt

Vis hele programmet
_
_
_