Gaukreiret – Bømlo Teater

Nye datoar for Gaukreiret: Framsyninga har endra speleperiode frå oktober til mars 2018.


Gaukreiret er kanskje mest kjend gjennom filmen frå 1975 med Jack Nicholson i hovudrolla.

Dramaet byggjer på Ken Kesey sin berømte roman frå sekstitalet og den grav alvorlege og samtidig humoristiske handlinga føregår på ei avdeling for psykisk sjuke. Den brutale pasienten Randel McMurphy gjer opprør mot systemet - personifisert av den intelligente, systemtru og viljesterke avdelingsleiar Ratched.

Bømlo Teater vil fortelja historia om folk, når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, om samhald og kameratskap. Å vera vekke så alt for lenge – og kanskje finne trua på å ein gong koma tilbake.

Billettar til Gaukreiret – Bømlo Teater

  1. Fre 2. mar kl 19:00 250 kr   Storsalen Les meir Kjøp
  2. Lau 3. mar kl 18:00 250 kr   Storsalen Les meir Kjøp
  3. Søn 4. mar kl 18:00 250 kr   Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_