Gjøkeredet – Bømlo Teater

Gjøkeredet er kanskje mest kjend gjennom filmen frå 1975 med Jack Nicholson i hovudrolla.

Dramaet byggjer på Ken Kesey sin berømte roman frå sekstitalet og den grav alvorlege og samtidig humoristiske handlinga føregår på ei avdeling for psykisk sjuke. Den brutale pasienten Randel McMurphy gjer opprør mot systemet - personifisert av den intelligente, systemtru og viljesterke avdelingsleiar Ratched.

Bømlo Teater vil fortelja historia om folk, når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, om samhald og kameratskap. Å vera vekke så alt for lenge – og kanskje finne trua på å ein gong koma tilbake.

På scena: Per Arne Moldøen, Ingrid Leithaug Mjanger, Geir Ersland, Jane Vika, Vegard Eidet Hansen, Rannveig Steinsbø, Frode Steinsland, Karoline Steinsvåg, Dag Bøthun, Janne Gilje Røsland, Marianne Grønnevik, Martin Vika, Ann Kristin Fostervoll, Ole Kristian Grindheim, Eirin Nordvik. 

Stykket har nokre sterke scener, og er anbefalt for eit vakse publikum.

Billettar til Gjøkeredet – Bømlo Teater

  1. Fre 2. mar kl 19:00 250 kr   Storsalen Teater Les meir Kjøp
  2. Lau 3. mar kl 18:00 250 kr   Storsalen Teater Les meir Kjøp
  3. Søn 4. mar kl 18:00 250 kr   Storsalen Teater Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_