Haustutstillinga: Els Geelen

Els Geelen er Bømlo kunstlag sin haustutstillar. og dette er fyrste gong hennar prosjekt ”Non-autonomous” vert stilt ut. Opning i Bømlo kulturhus laurdag 7. oktober.

Prosjektet ”Non-autonomous” redefinerer fugleperspektivet. Det handlar om fugl som mat. I prosjektet arbeider Geelen med nyfødde kyllingar på den økologiske garden ho bu på. Ho fortel at i hennar akvarellar av kyllingane vert det som ofte er usynleg for dei fleste synleggjort. ”I dei svart/kvite fotografia av flokken er fuglane ein anonym masse. Fotografia stadfestar med sin abstraksjon ein generell motvilje mot å identifisera mat med sin levande kjelde. Dette synest eg er eit aktuelt tema som eg ynskjer å belysa i kunsten min”, seier Geelen.  

Els Geelen arbeider innan oljemaleri, akvarell, fotografi og ulike trykkteknikkar. Ho er utdanna på Akademi for Billedkunst i Amsterdam, men har òg studert biologi  ved unisversitetet i Utrecht. Fasinasjonen for naturen og lidenskapen for detaljar kjem fram i arbeidet hennar.  Ho set naturlege element som fjell inn i eit abstrakt landskap og med dette skapar ho ei underleg verd, der natur, dyr og menneske kommuniserer. 

Els Geelen har tidlegare hatt separatutstilling av blant anna maleri, teikningar og grafikk, i Det Norske Skogsmuseet, Schmucker Art Gallery USA, og andre gallerier i både inn- og utland. Ho har delteke i ulike landskapskunstprosjekt bade i Sverige og Noreg. Ho har vore styremedlem i Kunstnarhuset Messen sidan 2010, og frå 2015 og til våren 2017 var ho styreleiar.

Velkomen til haustutstillinga! Ho heng frå 7. oktober og heile haustferien.

Opning laurdag 7. oktober kl. 14:00

Open kvardagar kl. 10:00–15:00

_
_
_