Hva er det for no' i do, montro?

Alma sit fint i det. Om ein time skal ho vera i bursdag, men mamma seier at ho ikkje får lov til å gå før ho har tissa! “Vi skal ikke ha enda en episode”, seier ho. Det mamma ikkje veit - som gjer det heile ganske komplisert og kanskje til og med farleg - er at det bur eit monster i do! Alma har sett det med sine eigne auge, og ho har absolutt ikkje lyst til å bli biten i rumpa. Heldigvis for Alma er dette dagen då Dr. Do bestemmer seg for å dukka opp!

“Hva er det for no’ i do, mon tro?” er ei leiken forestilling skrive og produsert av Pia Aamodt-Løken og Lisa Uhlen. Den passar for barn frå 3–8 år og varer i omlag 35 minuttar. Forestillinga er fargerik og fartsfylt, med musikk, song, dans og tøysete vitskaplege påfunn. Barna blir dratt med inn i handlinga, og kven veit - kanskje er det dei som klarer å setja saman miksturen som fjernar do-monsteret for godt?

_
_
_