"I manns minne" 2017 – Da Capo med Vidar Lønn-Arnesen

Årets utgåve av "I manns minne" er stadfesta til 24. oktober i Bømlo kulturhus. Den årlege kulturdagen for eldre får mellom anna NRK-profilen Vidar Lønn-Arnesen på programmet.

Vidar Lønn-Arnesen er kjend frå mange radio- og TV-program i NRK, mellom anna "Norsktoppen", "Ti i skuddet", "Puslespill" og "Da Capo!". Sistnemnde program var på lufta mellom 1991 og 2001 og hadde til tider svært høge sjåartal – på det høgaste eit snitt på 1 155 000 i 1992. Dette programmet var mynta på om lag den same målgruppa som "I manns minne", og det er nettopp "Da Capo!"-konseptet Lønn-Arnesen har med seg til Bømlo i oktober. Saman med sin musikalske kompanjong Philip Kruse skal han få allsongen til å runga i kulturhuset.

Også på programmet denne dagen vil me få vera med på ein samtale mellom Kristine Sele, som interesserer seg for lokalhistorie, og nokre høvelege personar. Temaet dei skal samtala om er korleis dei nye tilflyttarane på 1960-talet har sett sitt preg på bømlasamfunnet. Særleg oppstarten av Bremnes Ungdomsskule i 1965 skulle få mykje å seia for tilfanget av slike ressurspersonar til kommunen vår. Nokre av dei spora dei sette etter seg er minst like tydelege i dag – her kan me nemna Bømlotunet og Bømlo Teater som gode døme.

Bømlo kulturhus og Bømlo kommune ynskjer at kulturdagen skal samla flest mogleg av seniorane i kommunen vår. Arrangementet skal også vera ein god sosial treffstad. Difor er det, i år som tidlegare, ein lang pause til mat og prat, og lapskaus, kaffi og kringle er inkludert i billettprisen. Om publikum har spørsmål kring dette, ta kontakt med kulturhuset på tlf. 53 42 35 00.

Billettar til "I manns minne" 2017 – Da Capo med Vidar Lønn-Arnesen

Vis hele programmet
_
_
_