"I manns minne" med Benny Borg

Den årlege kulturdagen for eldre får mellom anna Benny Borg på programmet.

BENNY BORG vil syngja slagarane han er så kjent for i konsert-showet "Benny – da og nå" – eit show som fekk terningkast 5 i VG etter premieren i september. Benny Borg står for noko eige og heilt unikt innan norsk underhaldningsmusikk. Med godlynt sjølvironi fortel Benny òg små anekdoter frå sin barndom i Sverige og muntre historier om artistlivet, alt akkompagnert av gitaren. Gjennom denne konsertframsyninga opplever me Benny som visesongar, gjøglar, showman og imitator. Med andre ord – som den allsidige og fleksible kunstnaren han er.

KRISTINE SELE, i samtale med nokre høvelege personar, vil snakka om korleis dei nye tilflyttarane på 1960-talet har sett sitt preg på bømlasamfunnet. Særleg oppstarten av Bremnes Ungdomsskule i 1965 skulle få mykje å seia for tilfanget av slike ressurspersonar til kommunen vår. Nokre av dei spora dei sette etter seg er minst like tydelege i dag – her kan me nemna Bømlotunet og Bømlo Teater som gode døme.

MATEN er viktig. Bømlo kulturhus og Bømlo kommune ynskjer at kulturdagen skal samla flest mogleg av seniorane i kommunen vår. Arrangementet skal også vera ein god sosial treffstad. Difor er det, i år som tidlegare, ein lang pause til mat og prat, og lapskaus, kaffi og kringle er inkludert i billettprisen.

Om publikum har spørsmål kring dette, ta kontakt med kulturhuset på tlf. 53 42 35 00.

Billettar til "I manns minne" med Benny Borg

  1. Tys 24. okt kl 11:00 200 kr   Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_