Julehuset

Torsdag 30.11 er det premiere på Julehuset i Bømlo kulturhus! I år spelast framsyninga torsdag, fredag og laurdag i Bømlo kulturhus, og på Langevåg bygdatun sundag 3.12.

Julehuset har gjennom åra vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Me møter mormor og Godrosa i det vesle raude huset i skogen, dansande snøfnugg og leikande nisseungar. Skogsnissane Mons og Mogens luskar som vanleg rundt og finn på nissestrekar. I fjor møtte me nokre nye nissar i skogen; fjellnissane. Kjem dei og trolla tilbake i år også?

Heile familien er velkomne til denne tradisjonsrike juleframsyninga. Dei 50 store og små skodespelarane vil laga god julestemning både på Langevåg og på Bremnes.


Framsyninga i Langevåg bygdatun:

Sundag 3. desember kl. 15:00 

– kjøp billettar på bomlo.net

Billettar til Julehuset

  1. Tor 30. nov kl 17:00 215/150 kr   Storsalen Les meir Kjøp
  2. Fre 1. des kl 17:00 215/150 kr   Storsalen Les meir Kjøp
  3. Lau 2. des kl 13:00 215/150 kr   Storsalen Les meir Kjøp
  4. Lau 2. des kl 15:00 215/150 kr   Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_