Julehuset

Bømlo Teater syner tradisjonen tru, Julehuset i Bømlo kulturhus, 2.–4. desember og i Langevåg bygdatun 7. desember!

Julehuset har gjennom 20 år vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Me møter mormor og Godrosa i det vesle, raude huset i skogen, dansande snøfnugg og leikande nisseungar. Skogsnissane Mons og Mogens luskar som vanleg rundt og finn på nissestrekar. I år møter me òg nokre nye nissar… Kven er dei og kva gjer dei i skogen? Kjem trolla i år også?

Både store og små er velkomne til denne jubileumsframsyninga. Dei 50 store og små skodespelarane vil laga god julestemning i år også.

 

////

 

Framsyninga i Langevåg bygdatun:

Onsdag 7. desember kl. 18:00 

– kjøp billettar på bomlo.net

_
_
_