Løp for livet-konserten 2018

Russen ved Bømlo vidaregåande skule har gjennom 30 år engasjert seg i kreftsaka. På eige initiativ arrangerer me kvart år aksjonen ”Løp for Livet”. Dette starta då ein av elevane ved skulen fekk kreft, og medelevane hadde eit sterkt ynskje om å gjere noko for denne eleven, og andre i same situasjon. Løp for Livet er no på det 30. året og dette unike prosjektet fortset i år med minst like stor iver for å samle inn så mykje pengar som mogleg. 

Fredag 9. februar inviterer Løp for Livet til jubileumskonsert til inntekt for Kreftforeningen. Me lovar ein underhaldande konsert med mange flotte artistar – alle frå Bømlo. Me ynskjer å visa kva Bømlo har å by på, og håpar at alle tek turen på jubileumskonserten for å høyra på flinke artistar. I år slår me til med Brynjar Stautland, No Signal, Nice Experience, Benedicte Stokkvik, Ingrid Leithaug Mjanger og Rebekka Gåsland Håvik. Flinke Jógvan Brimheim Gunnarson skal leia oss gjennom denne fredagskvelden som vår konferansier. Du er sjølvsagt velkommen om du ikkje er frå Bømlo óg! 

Set av datoen, inviter venner, familie, besteforeldre og naboar – dette er ein unik moglegheit til å samlast og ha ein kjekk kveld i lag.

Billettar til Løp for livet-konserten 2018

  1. Fre 9. feb kl 18:00 200 kr   Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_