Pulverheksa og vennene hennes – Riksteatret

Velkommen til ei heilt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle me kjenner frå Pulverskogen!

Alle gler seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men... alt er ikkje som det brukar å vera i Pulverskogen. Tjuven er blitt sint på Politimannen og vil ikkje vera tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tjuven fordi han blir arbeidslaus når ikkje Tjuven vil vera tjuv. Ingen av dei vil komma på ball dersom den andre kjem. Og Krokodillen gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytta til Afrika.

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vera drømmeprins meir. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som bevegar seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulver-skogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdens finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpa?

 


"Fin, varm og hyggelig (...) en liten magisk pause fra den digitale "virkelighet"."

VG (5)

 

"Fart og fest i Pulverskogen" 
Dagsavisen (5)

 

"Magiske Maj Britt  (…) Hennes varme og tilstedeværelse er elsket av generasjoner, og ikke uten grunn. Du lurer ikke barn, De
vet hvordan respekt kjennes ut, selv om de mangler ord for å beskrive det."
Oppland Arbeiderblad


OPPLEV MEIR!


Kle deg ut som Pulverheksa og vennene hennar!

Når Drømmeprinsen inviterer til ball på slottet, må Pulverheksa og vennenes hennar pynta seg litt ekstra. Me håpar du har lyst å kle deg ut og pynta deg til ball, du også.


Velkommen til ei varm og fargerik framsyning. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i landets kulturhus! Og eitt er sikkert: Ingen stedar er Pulverheksa mer sprell levande enn i teateret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller første gong.

«Pulverheksa og vennene hennes» passar for barn frå 3 år.

PÅ SCENEN
Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm.

TEAM
Regissør: Ivar Tindberg. Komponist: Geir Holmsen. Scenograf: Christine Lohre. Dukkedesigner: Grete Larssen.

Framsyningslengd: 45 minuttar (ingen pause)

Produsert av Riksteatret.

Billettar til Pulverheksa og vennene hennes – Riksteatret

  1. Lau 9. sep kl 18:00 210 kr   Storsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_