Stord Storband med Heine Totland, Silje Nergaard m.fl.

Stord Storband skal samlast att etter 15 år i dvale.

29. og 30. desember held det tradisjonsrike storbandet konsertar i kulturhusa på Stord og på Bømlo. Til desse konsertane har bandet fått med seg vokalistane Heine Totland, Silje Nergård og Gisle Alsaker. Kapellmester vert gitarist og komponist Hans Mathisen. Han har også skrive arrangementa til musikken som skal framførast på desse to konsertane. Det vert eit utval av dei mest kjende «krooner» låtane, som t.d. Frank Sinatra og Ella Fitzgerald gjorde eviggrøne. I tillegg vert det smakebitar frå nyare artistar som t.d. Al Jarreau, The Hollies, L ionel Richie og David Bowie for å nemna nokre. Elles er Stord Storband sett samen av lokale musikantar eller musikantar med lokal tilknyting. Jan Kåre Hystad, Ole Jacob Hystad, Tor Yttredal, Gunnar Onarheim og Harald Onarheim spelar saxofonar. Geir Lund, Per Lund, Åge Østrem, Preston Kingsley og Eli Nina Barsnes spelar trompet, Jan Magne Olsen, Tørres Edvardsen, Robert Sylta og Pål Roseth spelar trombone, Halvor Folgerø, Tarald Tvedten, Helge Lilletvedt og Hans Mathisen utgjer kompet.

Me ser fram til å spela for Bømlo-publikummet, og håpar dei fyller kulturhuset den 30. desember – Ikkje kvardagskost at Heine kjem heim med eit heilt storband på slep!

Billettar til Stord Storband med Heine Totland, Silje Nergaard m.fl.

  1. Lau 30. des kl 19:00 350 kr   Storsalen Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_