Three Days in December: Dei unge hyller Kenneth

Bømlo kulturskule vil i regi av rektor Stein Høyland arbeida med det rikhaldige materialet til Kenneth Sivertsen gjennom hausten. Teater, dans, gitar, stryk og andre grupper vi tolka materialet på sin måte.

Under konserten vil dei stå på scenen saman med dei tidlegare vinnarane av Kenneth Sivertsen-prisen Hanne Bergheim, Arne Kvarven og Roger A. Bukkøy Røksund. Ricardo Odrizola, Sivertsen-kjennar og representant for Griegakademiet er konfransier.

Arrangør: Bømlo kulturskule, Bømlo kulturhus og Remembering Kenneth


Konserten er ein del av minifestivalen Three Days in December 

"Three Days in December - dei unge hyller Kenneth Sivertsen" er eit prosjekt med mål om å lyfta fram det fyldige materialet Kenneth Sivertsen har etterlate seg, til nye generasjonar. Sivertsen var heimehøyrande i Bømlo men av internasjonal storleik, både som komponist og musikar. Prosjektet skal resultera i ei minnehelg med tre konsertar der alle aktørane er unge, ei blanding av amatørar og profesjonelle og inkluderer musikarar frå regionen. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bømlo kulturskule, Griegakademiet, Moster Amfi, Bømlo kulturhus og den frivillige organisasjonen Remembering Kenneth. Saman vil ein jobba for nye kontaktar på tvers av kommunegrenser, og stimulera til arbeid med formidling og bevaring av ein nasjonal arv.

Andre arrangement denne helga:

EIK i Amfisalen – fredag 9. desember – kjøp billettar her

Griegakademiet spelar Kenneth – sundag 11. desember – kjøp billettar her

_
_
_