Tøysete teselskap med Taus – ei babyførestelling

"Tøysete teselskap med Taus» er ei musikalsk framsyning retta mot dei minste.

TAUS har komponert delar av musikken sjølve i tillegg til å laga eigne arrangement til kjende songar. Dei har også vald å bruka nokre arrangement skrivne av andre.

Om framsyninga:

"Inn i ein bakhage kjem fire syngande jenter som er veldig glade for å treffe kvarandre igjen. Plutselig oppdagar dei ei leikekasse full av koppar, krus og ei mugge. Saman dekkjer dei til eit storslått teselskap med bord, stolar, koppar, skeier, teposar og vatn – og best av alt: Alt saman lagar masse lyd. På den måten oppstår det alle slags rytmer, song, dans og nye opplevingar. Framsyninga serverast i eit varmt og særeige lydbilete basert på stemmene til dei fire medlemmane i Taus."

Passar for barn mellom 0–3 år. Men eldre barn synest også det er kjekt!

Forestillinga er støtta av DNS, Fond for utøvende kunstnere og Bergen Kommune. Den blei laga og spelt våren 2016 på Lille Scene, på Den Nationale Scene i Bergen. Framsyninga er ein samproduksjon mellom vokalgruppa TAUS og DNS.

Medlemene i TAUS:

Elin Hestenes
Beate Blindheim Kvalsvik
Kristine Bjånes
Irene Adolfsen Wænes

_
_
_