Ubuntu - "I am because you are"

13. juni brakar det laus – dansarar og musikarar frå Zimbabwe, Latvia, Syria og Bømlo fyller scena i Storsalen.

Kven er me utan dei andre?

Dei siste åra har dansepedagogen i kulturskulen, Simbarashe Norman Fulukia, stått bak ekstraordinære danseproduksjonar saman med dei eldste elevane i kulturskulen. Danseproduksjonen i år, UBUNTU vert skapt i samarbeid med profesjonelle kunstnarar frå Zimbabwe, Israel og Latvia. Dei kjem til Bømlo i mai og vil saman med elevane skape ei unik danseframsyning som vert vist i juni, på Bømlo og på Bergen Afro Arts Festival. Det kjem omlag ti profesjonelle dansarar og musikarar, samt ein lysdesignar. Dei vil være inspiratorar og vegleiarar i den tradisjonelle danseundervisninga og saman med dei eldste elevane skal dei produsere ei framsyning. Produksjonen gjev elevane noko å strekke seg etter og erfaring med å skape profesjonelle produksjonar. Den gjev dei erfaring med å skape sjølvstendige kunstnariske uttrykk og samspel i kreative prosessar, samt erfaringar som er identitetsbyggande og sjølvutviklande. Dei får også oppleve verdien av samskaping og fellesskap, samt ei kjensle av stolthet og medeigarskap. Produksjonen er unik i lokal samanheng, då profesjonelle kunstnarar kjem til Bømlo og skapar noko saman med lokale unge som vidare vert eksportert til Bergen og kanskje enda lengre på sikt. 



Produsent: Bømlo kulturhus v/Hanne Jacobsen og Signe Ytrøy

Kunstnarleg produsent: SimbaArts og Bergen Afro Arts Festival

Samarbeidspartnarar: Vertù, Bømlo kulturskule og Bømlo folkebibliotek

Prosjektet er støtta av: Kulturspirer/Norsk kulturhusnettverk, Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Bømlo Næringsråd, Bømlo kommune, Ungdomsrådet, Utenriksdepartementet, Rema 1000 

 

_
_
_