Verdensdagen for psykisk helse med Ingrid Bruun

Verdensdagen for psykisk helse blir markert i stor stil på Bømlo, med over 1000 tilhøyrarar i løpet av dagen. I år får me Ingrid Bruun (23) frå Drammen som gjest.

Det blir i alt fire foredrag, tre på dagtid for ungdom og eitt ope møte på kveldstid.

Foredragshaldar Bruun er i dag varamedlem i sentralstyret i Mental Helse Ungdom. I tillegg er ho styreleiar i Mental Helse Ungdom Nedre Buskerud. Trass i sin unge alder er Bruun alt ein profesjonell foredragshaldar med ein imponerande formidlingserfaring.

I foredraget sitt fortel Bruun mellom anna om sine eigne erfaringar frå tenåra:

– I ein alder av 12 år var det berre ein ting Ingrid Bruun gleda seg til. Det var å døy. I ein alder av 17 år prøvde Ingrid seg på sitt fjerde sjølvmordsforsøk, men døden var ikkje for henne. I dag er Ingrid evig glad for at det vart med forsøket. Ingrid sitt foredrag formidlar korleis ho har kjempa seg til ein meiningsfull kvardag der livet er noko å gle seg over.

Det å skipa til foredrag for ungdom i samband med verdensdagen for psykisk helse blir sett på som ein suksess.

– Ungdom som formidlar til ungdom har gitt gode opplevingar før. Fleire ungdomar har gitt tilbakemeldingar om det etter at Samuel Massie heldt sitt foredrag i 2015. Dei unge nyttar "ungdomsspråk", og formidlar slik at me unge forstår det, vart det sagt i ei tilbakemelding.

———

Årets tema for verdensdagen er "Noko å gle seg over". Du kan lesa meir om dette her: http://www.verdensdagen.no/aktuelt/tema-2017-noe-aa-glede-seg-over

_
_
_