Videoverk frå Høstutstillingen 2017

I 2017 er det fjerde gong Høstutstillingen formidler utvalde videoverk til kunstforeiningar rundt om i landet.

Samarbeidet med Norske Kunstforeninger er viktig av mange grunnar, ikkje minst bidreg det til å gjera Høstutstillingen til ei nasjonal utstilling – ikke berre for kunstnarane som deltek, men også for publikum som kan sjå kunsten der dei bur. Bømlo kunstlag i samarbeid med Bømlo kulturhus formidlar videoverka i heile oktober.

Dei utvalde videoarbeida som vil verta vist i kunstforeiningar over heile Norge er Strim (2017) av Aleksander Johan Andreassen, Ponytales (2014) av Siri Bråtveit og Leave Fucking «Society» Alone (2015) av Daisuke Kosugi. Med rørsle som ein fellesnemnar, fortel årets tre filmar på kvar sin måte noko om kva det vil seie å vera menneske i dag. I videoprogrammet møter me utforskande forteljarformer og krysningar mellom dokumentar og kortfilm. Med variasjon i uttrykk, tematikk og teknikk, viser arbeida videokunsten si største styrke – mediets plastiske mogleikar. I videokunsten kan historieforteljing gå føre seg på andre og nye måtar.

Høstutstillingen har som mål å vise hva som rører seg i norsk samtidskunst. Alle kan søkje om å få stille ut på Høstutstillingen. Deltakarane vert vurderte og valde av en jury beståande av kunstnarar. I år representerer Lars Korff Lofthus, Anne Karin Jortveit, Kjetil Skøien, Josefine Lyche, Kristine Fornes og Rita Marhaug Den nasjonale jury.

Videoane vert vist i Bømlo kulturhus på førespurnad frå 9. oktober og ut månaden. 

 

Ponytales - Siri Bråtveit, (2014), 14:16 minuttar

Cheerleading handlar om å trekke pusten, om å vere uredd. Eller å gjere seg uredd. Både for dei som står på eitt bein med knyttneven i vêret fleire meter over bakken, og for dei som står under og skal ta imot den som er på vei ned gjennom luften. Det handlar om styrke. Og mest av alt handlar det om tillit. Om nokon trekker seg, kan utfallet bli fatalt. Tenåringsjentene vi møter i Ponytales er usikre kvar for seg, men på trening må dei stole både på seg sjølv og på lagvenninnene sine. Ponytales er ein film om samhald, om å gjere seg sterk og om girl power.

For filmen Ponytales vann Bråtveit prisen for Beste Nordiske Studentfilm under dokumentarfilmfestivalen Nordic Doc i 2014. Siri Bråtveit (1987) er fødd og oppvaksen i Suldal og bur i dag i Oslo. Ho er utdanna litteraturvitar i Bergen, og har ein Bachelor i Dokumentarfilmproduksjon fra Høgskolen i Lillehammer. Innan film har Bråtveit dei senare åra undersøkt landskapet mellom dokumentar og fiksjon. 


Leave Fucking «Society» Alone, Daisuke Kosugi, (2015), 04:36 minuttar

I filmen Leave Fucking «Society» Alone ser Kosugi på korleis vi beveger kroppen og kva effekt dette har på rytme og poesi. Videoen er montert saman av korte sekvenser henta frå internett. Vi ser blant anna tradisjonell japansk dans, kappgang, nærbilete av trampande føter, og symbol henta frå danse- og klubbkulturar. Videoen er laga ved hjelp av datamosh, ein prosess som manipulerer mediefiler for å oppnå visuelle effektar når filmen vert dekoda. Dette gjer at overgangen mellom filmscenene vert alt anna enn saumlaust, pikslane fra eitt bilete vert dradd over i det neste biletet. Sekvensane av klipp utan synleg narrativ skapar ein slags poetisk logikk som likevel blir forteljande.

Daisuke Kosugi (1984) er født i Tokyo. Han bur og arbeider i Oslo. Han har utdanning i politikk og ein Bachelor frå Kunstakademiet i Oslo. I fleire arbeider har kunstnaren fokusert på krafta som ligger i kroppen sine rørsler som eit verktøy for å forhandle om maktstrukturer. 


Strim, Aleksander Johan Andreassen, (2017), 19:12 minuttar

I filmen Strim blir vi med Sigrid på leiting etter sin sakna katt Liv. Under letinga blir Sigrids indre monolog til ein ytre, i både handling og rørsle. Ho kolliderer og vert leia vidare i møtet med sitt lokalsamfunn. Vil ho nokon gong finne igjen katten sin?

Strim er filma i Groruddalen i to veker i juli 2016. Sigrid vert spela av dansekunstnar Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas. Filmen Strim vann Gullstolen for Beste norske kortfilm under Kortfilmfestivalen i Grimstad 2017.

Aleksander Johan Andreassen (1982) er fødd i Bodø og bur i dag i Oslo. Han har studert ved Nordland kunst- og filmskule, har ein Bachelor i fotografi frå Kunsthøgskolen i Bergen og ein Master of Fine Arts frå Konstfack i Stockholm. Gjennom ein metodisk tilnærming ser Andreassen på ulike perspektiver på normalitet, passivitet og tilhørighet, og gir dermed ei stemme til det sarte som finnest i oss menneske.

_
_
_