Ysst-konferansen

Godt & blanda!


Livet er ei salig blanding av mange ting. Privat og jobb. Humor og alvor! 

Forskjellige folk som møtest og skal gå ihop! Ysst ynskjer å blanda det djupe alvoret i HMS-arbeidet med humoristiske og lette tilnærmingar som blir kjekke å høyra på! Slik er det og med vår årlege konferanse. Me er ulike menneske som samlast og tar opp fleire sider ved arbeid og HMS. Kva kan det vera doktor? spør Torhild..., Siri Lill snakkar om forteljing som verdas viktigaste verktøy og Pellegrino deler si innsikt i den typiske norske leiaren sin oppførsel! - Odd har vore ute for det, og snakkar mellom anna om der farleg åtferd var lov på tross av selskapets retningslinjer.

Odd Seveland

«HMS»

Odd Sevland vart alvorleg skadd i 1996. Skaden førte til ei erkjenning – han var ein del av ein arbeidskultur der farleg åtferd var lov på tross av selskapets retningslinjer. No held han foredrag om å fremje forståinga av god åtferd og kvalitetssikring av produkt, arbeidsplass og ikkje minst helse. Han blandar humor og ei gripande historie på ein heilt spesiell måte.

Torhild Taraldsøy

«Kva kan det vera doktor?»

Kva ligg i omgrepet sjukdom? Har sjukdomsomgrepet endra seg over tid? - Torhild Taraldsøy er bedriftslege ved Ysst HMS og fastlege på Moster lækjarkontor.

Pellegrino Riccardi

Norsk Leiarstil: The Good, the Bad, the Ugly

Med humor beskriv Pellegrino Riccardi den norske leiarstilen - på godt og vondt - og bidrar med innsikt i korleis den typiske norske leiaren agerar i kvardagen. Pellegrino Riccardi, tverrkulturell ekspert, motivator, foredragshaldar, lærar, kommunikasjonsrådgivar og til og med verdsturnerande rockemusikar, har brukt dei siste 30 åra på å reise kloden rundt for å møte menneske og læra ulike kulturar å kjenne.

Siri Lill Mannes

«Korleis bruke storytelling på jobb?»

Ei god forteljing er verdas mektigaste verktøy. Men korleis bruke storytelling på jobb? Siri Lill Mannes var journalist og programleiar i TV 2 frå 1992 til 2010. No er ho dagleg leiar i SpeakLab AS.

Åsa Eldøy

er dagleg leiar i Ysst HMS. Ho vil halde eit kåseri kring Ysst HMS si historie frå starten i 1987 då me vart etablert under namnet Bømlo bedriftshelseteneste fram til i dag.

Trond Haldorsen, konferansier

Bømling, oppvaksen i Rubbestadneset. Engasjert i lokalt kulturliv og friluftsliv både innanfor musikk, idrett og litt teater. Tek litt oppdrag som toastmaster i bryllaup og likar elles å spele saksofon når anledningane byr seg.


Program

08.00 Registrering, kaffi og stands. 
08.30 Velkommen på konferanse – Åsa Eldøy, dagleg leiar • Ysst 30 år 
09.00 Torhild Taraldsøy • Kva kan det vera doktor? 
09.45 Pause med prat :) 
10.00 Pellegrino Riccardi | Norsk leiarstil: • The good, the bad and the ugly 
11.00 Innslag Trond Haldorsen 
11.20 Lunsj 
12.00 Odd Sevland • HMS 
13.30 Pause med meir prat :) 
13.45 Siri Lill Mannes • Korleis bruke storytelling på jobb? 
14.45 Avslutning

Pris inkludert lunsj: 
2000,- for medlemar | 2500,- for ikkje medlemar 
Bindande påmelding innan 5. oktober 2017
Dersom du har matallergi, gje melding ved påmelding!

Påmelding til Ysst HMS på tlf. 53 42 80 80 eller post@ysst.no (ikkje billettsal her på nettsida)

_
_
_