Adam Douglas

Om arrangementet

Adam Douglas legger ut på veien alene – med gitarene, låtene og stemmen i sentrum. For første gang inviterer han til en ren soloturné, der uttrykket strippes helt ned og publikum kommer tettere på enn noen gang.

Adam Douglas legg ut på vegen åleine – med gitarane, låtane og stemma i sentrum. For første gong inviterer han til ein rein soloturné, der uttrykket blir strippa heilt ned og publikum kjem tettare på enn nokon gong.

Dette er konsertar bygde rundt nærleik og det å være tilstade, der låtane får stå på eigne bein. Publikum får høyra materiale frå heile katalogen til Adam i ny innpakking, i tillegg til nokre utvalde coverfavorittar. Formatet opnar òg for historiane bak musikken – om vegen frå Oklahoma til Noreg, og om menneska og opplevingane som har forma låtskrivaren.

Adam Douglas er kjend som ein sterk liveartist, med ei særprega evne til å skapa kontakt med publikum. Med røter i den amerikanske roots tradisjonen, og eit uttrykk som rører seg mellom soul, gospel og americana, har han sidan debuten bygd ein solid karriere med kritikarroste utgjevingar, Spellemannprisen og eit breitt publikum.

Desse konsertane viser ei heilt anna side av Adam Douglas – nært, ærleg og ufiltrert, der alt står og fell på formidlinga.

 

Foto: Jens Storaker