Annie

Om arrangementet

Kompani Andersen ønskjer velkomen til musikalen Annie!

Kompani Andersen ønskjer velkomen til musikalen Annie!

Møt Annie, den optimistiske og uredde jenta frå barneheimen, som aldri sluttar å tru på draumar og på å finne foreldra sine. Du kan gleda deg til kjende songar som; For eit beinhardt liv, Kanskje og I morgon, og me håpar du både kjem til å få deg ein god latter, og at du må leite fram lommetørkle før kvelden er over.

På og bak scena finn du små og store lokale heltar frå Stord og Bømlo, i ei musikalsk oppleving full av song, dans, energi og hjarte. Nokre har lang fartstid i teatersamanheng, medan andre skal stå i scenelyset for aller første gong.

Kompani Andersen er ein frivillig organisasjon på Bømlo som driv med scenekunst på amatørnivå. Eit slags sosialt inkluderande bidrag til folkehelsa i regionen.