Bjørn Tomren – 90 minutter du aldri får igjen

Om arrangementet

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid blitt folkeeige, og har blitt omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». 

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er også kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølve «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytta til i bakrus. 

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protestmusikk. Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdensrekorden i flest forseringar av Noreg på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. 

Han kan også sjå tilbake på ein kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul». 

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren gjer seg bemerka. Han har vunne prisen som «Best Act of The Year» på legendariske Joe’s Pub i New York og i 2017 deltok han i verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva der han vann ein bronsehest.