Bokbad med Agnes Ravatn
Billetter
Om arrangementet
Onsdag 18. mars kl. 18 inviterer Bømlo folkebibliotek til bokbad med den prislønte forfattaren Agnes Ravatn. I samtale med Ravatn vil me få høyre om hennar nyaste roman Doggerland og om hennar forfattarskap. Ravatn debuterte som romanforfattar med Veke 53, og fekk sitt store gjennombrot med Fugletribunalet. Ho har og gitt ut fleire essaysamlingar. Doggerland er hennar femte roman, ei særs populær bok som har vore utlånt hos oss sidan den kom ut.
Om Doggerland:
De tradisjonsrike og familieeigde forlaget Høst står framfor eit generasjonsskifte. Matriark og forleggar Myrna Høst sine to barna posisjonerer seg for å ta over. Når ho kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast…
I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga.?Doggerland?er eit intenst kammerspel ?om ein familie og eit forlag på randa av kollaps.
Velkommen til bokbad i biblioteket!
