Bømlo Gospel - Tunes from Cartoons

Om arrangementet

Bømlo Gospel
presenterer
Tunes from Cartoons
- i samarbeid med Bømlo kulturskule

Siste helga i oktober gjer Bømlo Gospel noko heilt nytt! Me flyttar oss over frå kyrkja til kulturhuset og inviterer med oss 14 profesjonelle musikarar, Bømlo SoulChildren, og barn frå Bømlo kulturskule sine ulike grupper for dans, song og teater.

Koret har sett av to kveldar i kulturhuset til å presentere ei førestilling i to akter med kjente hits frå dei animerte filmars verd. Her blir det perler på rad og rekkje, frå filmar som Løvenes konge, Jungelboken, Aladdin, Toy Story, Tarzan og mange fleire. 

I orkesteret vil du sjå mange kjente fjes både i bandet og blant strykarane. Koret sine eigne solistar vil skina, og barn frå kulturskulen dansar, syng og spelar små teaterscener.

Skodespelar Anders Hatlo, som har vore tilsett både ved Nationalteateret og Oslo Nye Teater gjennom 1980- og 1990-talet blir med! Han har gjennom ein mannsalder også bidratt i ei mengd norske filmar (blant anna Olsenbanden junior), Hotel Cæsar og ikkje minst dubbing av animasjon-filmar i tillegg til si nyare rolle som kommentator i TV-serien «4-stjerners middag». I den norske versjonen av Løvenes konge spelte han rolla som Zazu og har dubba i nesten alle filmane koret syng frå denne kvelden.

Musikalsk leiing: Øystein Lund Olafsen

Velkommen til ein animert aftan i haustmørkret!

Billettpris:
Vaksne 320,-
Barn under 12 år 170,-
Familiepris (ved kjøp av 4 billettar - gjeld kun for 2 vaksne og 2 barn) 195,- per billett

Framsyningar
Laurdag 28. oktober kl 18:00
Sundag 29. oktober kl 17:00