Bømlo Janitsjar: 80-talsfeber
Billetter
Om arrangementet
Bømlo Janitsjar, og dirigent Håvard Kroka, med band inviterer til ein konsert der ein får høre mange kjende hits frå 80-åra. Vi nemner ma «Rosanna», «Bohemian Rhapsody», «I wanna dance with somebody» og mange andre slagerar som truleg vil vekke gode minne. Synthesizeren er sjølvskreven i bandet, der Frode Sæverud sit bak tangentane saman med Frode Kvandal på bass og Owe Håstø på gitar.
Solistar: Anita Myhre Gravdal og Steffen Siggervåg Sortland
Finn fram kleda frå 80-talet, få permanenten i håret og sikre deg billett til haustens store 80-talsfeber.