Bømlo Teater: Jul i Svingen

Om arrangementet

Bømlo Teater held fram tradisjonen med juleframsyning for heile familien!
1.-4. desember vil "Jul i Svingen" gå i Bømlo kulturhus. Her får me møte Linus og venane hans i Svingen, foreldra deira og gjengen frå Sletta. Alle desse som me har blitt kjend med gjennom NRK sin julekalender.

20 skodespelarar frå Bømlo Teater står på scena i denne varme og morosame framsyninga som er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.

Regissør: Nina Sele

Ta med heile familien og kom i god julestemning saman med oss!