Bremnes Kantori: Gloria

Om arrangementet

Fyrste søndag etter påske, 16.april, snur Bremnes Kantori stolane i kyrkjerommet og inviterer til påskefest med fantastisk, energisk og livleg musikk frå galleriet.

Med hjelp av 8 blåsarar og 2 slagverkarar frå det profesjonelle orkestermiljøet i Stavanger, skal ein framføre eit utval av den kjente komponisten John Rutter sine sakrale stykke, for så å avslutte konserten og feire påske og oppstandinga med storverket "Gloria". 

Dirigent: Øystein Lund Olafsen