BUS: Tvillingproblem - 2000

Om arrangementet

Velkomen til “Tvillingproblem 2000” – ein rå og rørande ungdomsforteljing frå scenen!

“Tvillingproblem 2000” er ei heilt unik framsyning – skriven, forma og framført av elevar frå valfaget Produksjon for scene. Dei har ikkje berre skrive manuset sjølve, men også laga eigne dansar og songtekstar som verkeleg løftar stykket til eit nytt nivå.

Forteljinga tek oss med inn i ein kvardag full av kjensler, utfordringar og sterke band mellom sysken og vener. I sentrum står tvillingane Tone og Lone, og systera deira Vanessa, som etter å ha mista foreldra sine må flytta inn hos besteforeldra. Midt i sorga kjem også nye utfordringar: ei ny jente, Kaia, dukkar opp i klassen – og ho får augo opp for Luke, guten Tone lenge har hatt eit spesielt forhold til.

Dette er ei forteljing om identitet, lojalitet, tap og kjærleik – alt sett gjennom auga til ungdommar som kjenner det på kroppen. Med både humor, alvor og høg gjenkjenning vil “Tvillingproblem 2000” treffa deg – rett i hjartet.