Kvar måndag kl 11:30 legg vi til rette for ein god kinoopplevelse på dagtid.
Her kan du kose deg med flotte filmar på ein sosial møteplass! Det er faste prisar, litt nedsatt lyd, ein kopp kaffe og noko godt attåt, samt ein liten prat før eller etter filmen.
Kven?
Dagkino er først og fremst eit tilbod til dei godt vaksne. Vi velger filmar med omhu, og viser gode kvalitetsfilmar som vi tror vil engasjere og glede eit vaksent publikum. Dette er ei kulturoppleving på ein sosial arena midt på føremiddagen der alle er velkomne.
Pris
Billettprisen er alltid 150,- per person. Kaffe og te er inkludert i billettprisen, og serveres både før og etter filmvisninga. Etter filmvisninga blir det servert noko lite, søtt og godt, til alle som ynskjer.
Lyd, lys og sal
Kinolyden vil være litt lavere enn vanleg, mens lyset i salen vil være heilt avslått slik som på dei vanlege kinovisningane når filmen startar. Vi har òg teleslynge for dei som ynskjer å benytte seg av det. Det er radlys i salen, slik at du enkelt finn fram til din plass.
Salen som benyttes til dagkino er litlesalen, vår aller beste sal. Salen har 100 gode stolar med justerbar rygg, og det er god plass til beina og koppholdar til kvart sete.
Måndagsfilmen kan du sjå i reprise på onsdager kl 11.30.
Dagkino vert vist i perioden 1. september - 30. mai. Dagkino vert ikkje vist ved enkelte høgtidsdagar eller ved kollisjon med andre arrangement. Sjekk kinoprogrammet.