Djuplesing - eit pusterom
Billetter
Om arrangementet
Lengtar du etter ro til å lese – utan digitale distraksjonar?
No har du sjansen! Måndag 29. september og tysdag 28. oktober kl. 18–20 inviterer me til djuplesing i biblioteket. Her kan du sitje heilt i fred i våre flotte lokale og berre lese – utan mobil, skjermar eller forstyrringar.
Til den fyrste djuplesingskvelden tilbyr me romanen Heimkomst av bømlingen Odd Vegard Paulsen. Du kan ta med noko anna å lese om du vil det.
Påmelding: Send e-post til [email protected] og det er gratis.
Arrangementet er støtta av Bibliotekutvikling Vestland.
Velkommen!