«Dr. Bergland – på død og liv»
Billetter
Om arrangementet
Stand Up Norge AS presenterer «DR. BERGLAND – PÅ DØD OG LIV» BØMLO KULTURHUS LØRDAG 5. DESEMBER
Ventetida er over – Dr. Bergland kjem til Bømlo!
Dei siste åra har Jonas Kinge Bergland etablert seg som ein av landets største og mest populære komikarar. Sidan brakdebuten med Dr. Bergland og den alternative medisin i 2016 har han levert intelligent, kompromisslaus og – etter eige utsagn – «heilt brukbar» standup for eit stadig større publikum og begeistra meldarar. Framsyningane hans, Dr. Bergland bryt teieplikta og Dr. Bergland utan grenser, selde begge nærare 100.000 billettar og er mellom dei aller største suksessane til Latter i Oslo gjennom tidene.
Forventningane er difor skyhøge når han no kjem med Dr. Bergland – på død og liv.
Bergland har bygd opp ein stor og trufast tilhengjarskare, særleg blant folk som arbeider innan helsesektoren. Per i dag har Dr. Bergland – på død og liv selt om lag 40.000 billettar på Latter i Oslo, og like mange billettar på turné.
Dei siste åra har Jonas arbeidd som sjukeheimslege og fått god anledning til å reflektera over livet, døden, alderdommen og om det finst ei høgare meining med alt dette.
Slikt kan det bli stor humor av – i alle fall med Dr. Bergland som avsendar.
Me gler oss stort til besøk!
