EKSKLUSIV VISNING: HJEM KJÆRE HJEM

Om arrangementet

EKSKLUSIV VISNING!

Onsdag 17. september kl. 19:30 inviterer me til ei heilt spesiell filmoppleving i kulturhuset.

Filmen Hjem kjære hjem har fått strålande kritikkar og tek opp den pressa kvardagen i eldreomsorga. Her møter vi både varme augeblikk og dei meir utfordrande situasjonane – fortalt på ein ærleg og rørande måte.

Historia følgjer Sofie, ei 32 år gammal kvinne som byrjar som heimehjelp og trivst godt i jobben – heilt til ei ugrunna klage set både arbeidskvardagen og privatlivet hennar på prøve. Filmen er skriven og regissert av Frelle Petersen, som sjølv har bakgrunn frå eldreomsorga.

Det blir servert kaffi og te til alle som kjem.

Medlemmar av Pensjonistforbundet Bømlo, Velforeininga i Bømlo kommune og Fagforbundet Bømlo finn eigne billettprisar på vår nettside.

Me ser fram til ein kveld som både rører og set i gang viktige samtalar.