Eldredagen 2026
Billetter
Om arrangementet
PROGRAM FOR DAGEN:
Velkommen!
Seniorkraft og samskaping
Ragna Flotve er seniorrådgjevar hos statsforvaltaren, er koordinator for Bu trygt heime-satsinga i Vestland og har røter på Bømlo. Ho kjem til Eldredagen og snakkar under den spanande overskrifta: "Seniorkraft og samskaping".
Helge Jordal og Gjertruds Sigøynerorkester – eit fyrverkeri av eit liveband og ein legende innan skodespel og song.
Både Helge Jordal og GSO har i kunstnargjerninga si vore opptekne av å formidla kulturen til dei som står nedst på rangstigen, dei reisande og dei heimlause. Med taterviser, sigøynermusikk og tekstar og dikt av mellom andre Cornelis Vreeswijk, Jacob Sande og Einar Skjæraasen, har dei skapt ei framsyning som speglar denne frodige kulturen full av melankoli og livsglede.
Dette samarbeidet har resultert i CD-en "Den siste sigøyner", som kom ut i samband med at Helge Jordal fylte 80 år tidlegare i år.
Helge Jordal er ein av Noregs mest kjende og folkekjære karakterskodespelarar. Han har spela alt frå Ibsen til rockemusikalar. Han har medverka i ei rekkje filmar, både i Noreg og Sverige. Han fekk Amandaprisen for Orions Belte, og mange hugsar han frå Nattseilere og for den uforgløymelege August-rolla i Landstrykere. I 2006 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden for den lange og omfattande karrieren sin som skodespelar.
Gjertruds Sigøynerorkester, med sine sju musikarar, har i over 35 år spesialisert seg på aust-europeisk sigøynermusikk i samspel og samarbeid med nokre av dei fremste utøvarane innan sigøynermusikk frå Budapest. I tillegg til sigøynermusikken arbeider GSO stadig med nyskapande og sjangeroverskridande prosjekt.
Samarbeidet med Nils Henrik Asheim om Mazurka, Remaking Chopin fekk Spellemannprisen i 2010. Dei samarbeider òg med tatersongaren Elias Akselsen, felespelaren Susanne Lundeng og songarane Britt-Synnøve Johansen og Solfrid Molland. Gruppa får ensemble-støtte frå Norsk kulturråd. I 2024 fekk orkesteret, med Gjertrud Økland i spissen, æresprisen til Sildajazz.
Arrangørar/medarrangørar er Pensjonistforbundet Bømlo, Eldrerådet i Bømlo, Fiskarkvinnelaget Nordstjerna, Fagforbundet Bømlo, pensjonist- og uførgruppa, og fire lokallag av Familie- og kvinneforbundet: Langevåg, Bremnes, Rolfsnes og Lykling.
Konserten er støtta av Kulturrådet.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
