Espen Abrahamsen – Avantgarde

Om arrangementet

Live Nation Presenterer: 
Espen Abrahamsen – Avantgarde

Espen Abrahamsen er endeleg klar med sitt fyrste heilaftans standupshow.

Du kjenner han frå TV og podkastar, men det er på scena Espen verkeleg briljerer. Sidan debuten på standupscena i 2020 har målet vore klart: eit eige show og ein norgesturné.

I dette showet får du Espen si heilt særeigne blanding av personlege historiar og skarp samfunnshumor. Han tek føre seg både små og store ting, frå det nære og personlege til det som rører seg i Noreg og verda.

Stilen hans er direkte, kompromisslaus og svært morosam. Etter at han vann «Stå opp-prisen» for årets gjennombrot i 2024, har han hatt fullt fokus på sitt eige show.

No er det endeleg klart: «Avantgarde».