Filmvisning med produsentbesøk

Om arrangementet

Produsent Elisabeth Kleppe kjem og fortel om filmen De rettsløse, ein rørande og opprørande dokumentar om jakta på sanninga om "tyskerjentene". 

"Ein strek, vellaga og viktig film" - Dag og Tid

"En av de sterkeste filmene som ble vist under Bergens Internasjonale Filmfestival" - Bergens Tidende

De rettsløse er ein gripande dokumentar som opnar opp eit ukjent kapittel i vår etterkrigshistorie. Gravejournalisten LEna-Christin Kalle avdekkar rystande historiar om tyskerjentene, kvinner som vart utsatt for brutale overgrep frå staten etter å ha innleia fohold med tyske soldatar under andre verdskrig. Gjennom ein årelang kamp for innsyn i hemmelighaldte arkiv, møter Kalle både motstand og uventa støtte. Vi får høyra modige tidsvitner dele sine historiar. 

Filmen utfordrar etablerte forestillingar om heltar og fiendar frå krigen, og stiller spørsmål ved rettstaten sin nådelause hevnaksjon ovanfor desse kvinnene. 

Produsent for filmen, Elisabeth Kleppe, er med på visninga og kan svare på spørsmål etter filmen. 

Billettar finn du ved å klikke her. 
Billettpris: kr 150, inkl. kaffi/te og noko søtt i samband med visninga. 
Aldersgrenes: 12 år