Forfattarbesøk av Alf van der Hagen: Ein kveld om Ingvar Ambjørnsen
Billetter
Om arrangementet
Ein kveld om Ingvar Ambjørnsen sitt forfattarskap.
Heilt sidan Ambjørnsen sin debut i 1981 har han skrive fram karakterar som står på kanten eller på utsida av samfunnet, karakterar prega av angst og psykisk uro, rus og einsemd. Med varme og humor har han skrive om venskap, utanforskap, solidaritet og sterke naturopplevingar, og bøkene hans har blitt høgt elska av både unge og vaksen lesarar.
Foredraget van der Hagen skal ha hos oss vil ha fokus på psykisk helse, utanforskap og på historia rundt « Bare Elling» som Riksteateret kjem med til Bømlo kulturhus måndag 23. september.
Hausten 2023 gav Alf van der Hagen ut samtaleboka «Ønsk meg heller en god tur». Den er det nærmaste me kjem ein sjølvbiografi frå Ingvar Ambjørnsen, som i dag er alvorleg sjuk. Gjennom ni lange kveldar og netter i Hamburg har han fortalt frå sitt forfattarskap og sitt liv.
Med sjangeren «samtalememoarar» har van der Hagen skapt ein særeigen blanding av kulturhistorie og forfattarbiografi.
Me gler oss stort til denne kvelden der me får høyre om ein av Noregs mest populære og produktive forfattarar.
Velkommen!
Billettar kr 100,-