Forfattarbesøk - Naustlandet

Om arrangementet

Måndag 2. mars kl 18.00 får me besøk av forfattaren av boka Naustlandet,  Eva Røyrane. Ho vil presentere arbeidet med å dokumentere kystens kulturminne, og deira historier.

Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har Eva Røyrane reist langs kysten og innover mange fjordar frå Agder i sør til Finnmark i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminne som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.

Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth er også kjent for bøker som Klyngetunet, Norges låver, Vestlandshus og Av stein. Naustlandet er utgitt av Skald forlag. Det vert sal av boka mot slutten av kvelden.

Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett på førehand på bomlokulturhus.no

Velkommen til ein kulturhistorisk kveld i biblioteket.

Arrangementet er eit samarbeid mellom KIK – Sunnhordland med verdiskapingsprosjektet Sjøbruksmiljø i Sunnhordland, og folkebiblioteka i regionen.