Forfattarbesøk: Rune Belsvik

Om arrangementet

Torsdag 5. november kl. 18 inviterer biblioteket til forfattarsamtale med Rune Belsvik. I samtale med Øystein Kausrud frå biblioteket vil me høyre om hans forfattarskap og særskilt om boka og teaterframsyninga «Verdas mest forelska par» som Bømlo Teater har premiere på fredag 13. november. Me vil også få møte regissør Maria Grindheim og kanskje det dukkar opp nokre karakterar frå framsyninga i løpet av kvelden? Og skal du på quiz på kulturhuset same kveld, så rekker du begge deler. 

Arrangementet er gratis men ein må ta ut billettar på førehand.

Velkommen! 

Om forfattaren:

Rune Belsvik er fødd i Haugesund i 1956 og oppvaksen på Stord. Han bur nå i Randesund ved Kristiansand. Rune Belsvik debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Dustefjerten er òg kjend frå barnetimen i NRK. Rune Belsvik blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. Han har dikta ei vedunderleg forteljing - Verdas mest forelska par (2001) - for barn og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan henda når forelskinga skal på utstilling. (Tekst frå Forfattarsentrum).