Forfattarbesøk: Selma Lønning Aarø
Billetter
Om arrangementet
Fredag 24. januar er me så heldige å få besøk av forfattaren frå Stord, Selma Lønning Aarø. Her får vi i hovudsak høyre om hennar siste og kritikarroste roman Feliz Navidad, boka som fekk terningkast 5 i både Bergens Tidene, Dagbladet og VG.
Feliz Navidad er ein sår, men like fullt morosam roman om det å vera kvinne midt i livet, om hormonelle tenåringsbarn, ein svikefull ektemann og ei mor som forsvinn. Ikkje minst handlar den om kven vi blir når det verkeleg røyner på.
Bokbadet vil vera i Kulturhuskaféen med servering og dørene opnar kl 20.00.
Me ynskjer dykk hjarteleg velkommen til årets fyrste forfattarbesøk!