«Gloria» i Moster kyrkje

Om arrangementet

Bremnes Kantori framfører «Gloria» i Moster kyrkje I høve kyrkjejubileet og det nye orgelet i Moster kyrkje blir John Rutters storverk «Gloria» å høyre i Moster kyrkje. Bremnes Kantori og profesjonelle musikarar kjem og lagar feststemning i Moster kyrkje søndag 14 april.

Messa «Gloria» er skriven av ein av dei fremste nolevande kyrkjemusikalske komponistar; engelske
John Rutter. Hans musikk er i stor grad kjenneteikna av vakre melodiar og utsøkte arrangement.
Verket, som består av 3 satsar, er skrive for kor, messingblåsarar, slagverk og orgel. Teksten er frå
den liturgien som vi nyttar i våre gudstenester, men på latin. Saman med Bremnes Kantori vil
profesjonelle musikarar frå regionen på messinginstrument og slagverk og Øystein Skullerud på orgel
gje publikum ei heilt spesiell oppleving denne søndagskvelden, alt under leiing av kantor Øystein Lund
Olafsen. Med framføringa av «Gloria» inviterer ein til fest med fantastisk, energisk og livleg musikk.
Gå ikkje glipp av denne påskefesten!