Han Innantes Utvandringsrevy

Om arrangementet

Utvandring frå Vestlandet til Amerika – med humor, song og historie

2025 markerer 200-årsjubileet for den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Dette var ei reise organisert av Cleng Person, fødd i Tysvær og busett både i Tysvær, på Finnøy og seinare i Amerika.

Han Innante, Torolf Nordbø og Arne Nordbø, saman med orkester, kjem i denne revyen med ei varm hyllest til dei som drog ut.
Med seg har dei dyktige musikarar, og songane spenner over kjende amerikanske sjangrar som country, gospel, folk, bluegrass og roots.

Han Innante og Gunnvald bidreg med humoristiske glimt frå kvardagslivet på heimplassen, Indre Erfjord.
Torolf og Arne krydrar revyen med små, spanande historier frå eiga slekt, som deltok i fire ulike utvandringsbølgjer til ulike delar av Amerika gjennom 200 år.

Arne var ein av initiativtakarane bak bygginga av sluppen «Restaurasjonen», ein replika av den første båten som sette ut på den organiserte utvandringa frå Noreg i 1825. Originalen segla frå Stavanger 4. juli 1825, og fleire av forfedrane deira på farssida var med på den ferda.
Den nye «Restaurasjonen» skal også reise frå Stavanger til USA 4. juli 2025!