Haustutstilling: Slip between shapes smudging
Om arrangementet
Bømlo Kunstlag er stolte av å presentere separatutstillinga Slip Between Shapes Smudging av Runa Halleraker, beståande av måleri på oppspent lerret og på gjennomskinneleg silkechiffon-installasjonar.
Måleria spekulerer rundt ulike dimensjonar, eller lag, av det å sjå. Runa arbeider fyrst og fremst med abstrakt måleri, som ein måte å utforske og visualisere dimensjonar av menneskelege sensasjonar som vi ikkje ser med det blotte auga. I måleria på lerret har kunstnaren denne gongen òg måla figurativt, og late dei to motpolane av måleriske uttrykk gli inn i, dekkje over eller smelte saman med kvarandre. Likeså kan betraktaren gli inn i komposisjonane av dei gjennomskinnelege og blafrande måleria som er installerte frå taket rundt om i visningsrommet. Dei måleriske arbeida er akkompagnerte av eit poetisk tekstarbeid sett saman av verktitlane, som dannar ei floke av irrasjonelle assosiasjonar og sjølvmotseiande kjensler, og eit bilete på den menneskelege opplevinga.
Velkommen til opning laurdag 5. oktober kl 13:00 - 15:00
Måndag 10 -16
Tysdag 10 -18
Onsdag 10 - 18
Torsdag 10 - 18
Fredag 10 - 15
Laurdag 10 - 14
Utstillinga er støtta av Kulturrådet og Norske Kunstforeiningar.
Runa Halleraker (f. 1995 Trondheim, de/hen) bur og arbeider i Bergen. De jobbar prosessorientert med utgangspunkt i abstrakt og ekspressivt måleri, og integrerer tekst, teikning, tekstil, skulptur og installasjon. Halleraker har sin bachelor (2020) og master (2022) i biletkunst frå Kunstakademiet i Bergen, og har studert måleri ved Camberwell – University of Arts London (2019) og kunstfotografi ved Norsk Fotofagskole (2016). Halleraker har hatt utstillingar ved mellom anna CGP Gallery, London (2019), Färgfabriken, Stockholm (2020), Studio K, Kvernaland, Jæren (2021), Galleri Blunk, Trondheim (2021), Kiosken Studio, Bergen (2021), Bergen Kunsthall (2022), og Galleri LNM, Oslo (2023).