Haustutstillinga: Amund Gravdal

Om arrangementet

Bildekunstnaren Amund Gravdal (f.1988) er ein mange av oss her på Bømlo har kjennskap til. Reisa hans inn i målarkunsten har vore lang og krevjande - frå Kabelvåg, via Volda og Haugalandet, til Portugal og til han no er på vesle Bømlo. Med seg i kofferten frå reisa hadde han ikkje berre malesaker, men ein bachelor i utøvande musikk frå Nordland kunst- og filmfagskole og studium i faget kunst og handverk i frå Høgskulen i Volda.

Då Gravdal var i Portugal vart han påverka av det sterke lyset og dei varme fargane. Det er synleg i paletten og uttrykket til Gravdal. Han har hatt fleire utstillingar rundt om i landet og ein i Portugal. Gravdal er ein aktiv malar og 2020 bidrog han med måleria sine i KoronaKunst i regi Bømlo Kunstlag.

Amund Gravdal er medlem av Landsforeningen Norske Malere og Norske Billedkunstnere. I 2021 fekk han årets Høstsalong-pris av Haugesund Kunstforening.

Bømlo Kunstlag vil presentere Amund Gravdal i haustutstillinga si. Her vil Gravdal vise måleri som ikkje har vore vist offentleg før og eit av måleria vil inkludere ein lydinstallasjon.
Bømlo Kunstlag gler seg til å presentera utstillinga "Malerier" i Bømlo Kulturhus.

Opning laurdag 8. oktober kl 13:00

Opningstider:
måndag til onsdag 10:00 - 16:00
torsdag til fredag 10:00 - 18:00
laurdag til sundag 12:00 - 16:00