"Esau og Jakob" med Svein Tindberg
Billetter
Om arrangementet
Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med ein heilt ny teaterframsyning. Der «Abrahams barn» slutta startar sjølvsagt historia om Abrahams barnebarn: Esau og Jakob.
Fortelljinga om Esau og Jakob, Abrahams barnebarn, er ein av Bibelens mange fortelljingar om krig mellom brødre - og om den lange vegen mot tilgjeving. Konflikta i Midtausten er ikkje ein religiøs konflikt. Likevel bruker begge sider religiøse argumenter....
Tindberg og Bang-Hansen sine tidligare framsyningar inkluderar bl.a. «Markus-evangeliet», «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams Barn». Desse er gjennom åra sett av hundretusenvis av begeistra publikummare over heile landet.
Regi: Kjetil Bang-Hansen
Praktisk info:
Kulturhuskaféen opnar ein time før show. Her vil me servera kaffi/te og småmat av søtt og salt.
Me tilrår at du kjem i god tid om du kan, slik finn du lettare parkeringsplass og det beste bordet i kaféen.
I kiosken vår kan du kjøpe det du måtte ynskje av mineralvatn,popcorn, sjokolade og snacks.
Velkommen til ein minnerik kveld i Bømlo kulturhus!
Er du eit firma eller ei gruppe? Visste du at du kan booke eit avskjerma område eller spesialtilpassa matservering? Ta gjerne kontakt med oss på [email protected], så kan me skreddarsy eit tilbod til deg.