Jørn Hoel & Steinar Albrigtsen – To ulike sjeler, et unikt samspill

Om arrangementet

Når ulikskapar skaper magi

I ei tid der forskjellar ofte kan skape splid, viser Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen at det er mogleg å samle ulikskapar til ei harmonisk heilheit. Desse to folkekjære artistane, med sine særprega røyster og lange karrierar, har funne ei felles plattform der respekt for kvarandre sine ulikskapar står i sentrum. Resultatet er ein samspelt konsertoppleving som ikkje berre underheld, men som óg inspirerar.

Dei fleste av oss kjenner på utfordringane ved å få ulike personlegdomar til å fungere saman, anten det er i eit vennskap, eit parforhold, eller på ein arbeidsplass. Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen representerer to heilt ulike personar med forskjellige personlegdomar og draumar. Likevel har dei klart å finne ein balanse som gjer at samarbeidet deira blømer. Gjennom eit livslangt vennskap har dei utvikla ein djup respekt for kvarandre sine ulikskapar, noko som har resultert i ein eneståande musikalsk samklang.

Dette samspillet kjem til uttrykk i konsertene deira, som er ei hyllest til det å stå saman til tross for forskjellar. Publikum kan forvente ei uforgløymeleg oppleving fylt med udøydelege songar, historiar, sjølvironi og lun nordnorsk humor. Deira tostemte vokalprestasjonar og imponerande gitarspel skaper ein stemning som er både varm og inspirerande.

Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen er ekte klassikarar i norsk musikkliv, og konsertane deira gir deg nettopp det du ynskjer: ei oppleving av ekte samspel, formidla gjennom vakker musikk og ein unik forståing av kva det vil seie å respektere og omfamne ulikskapar.

 

Praktisk info: 

Kulturhuskaféen opnar ein time før show. Her vil me servera noko godt i glaset, samt du kan kjøpa småmat av salt og søtt.

Etter show held me ope så lenge det er folk og seinast 00:00. 

Det er skjenkeløyve denne kvelden, personar under 18 år må difor kome i følgje med vaksne. Alderskontroll i baren. 

Mat må du nyte kaféen, drikke kan takast med inn i salen. Baren er stengt under framsyning. 

Me tilrår at du kjem i god tid om du kan, slik finn du lettare parkeringsplass og det beste bordet i kaféen.

Ingen bordreservasjon.

I kiosken vår kan du kjøpe det du måtte ynskje av mineralvatn,popcorn, sjokolade og snacks.

Velkommen til ein minnerik kveld i Bømlo kulturhus! 

Er du eit firma eller ei gruppe?
Visste du at du kan booke eit avskjerma område eller spesialtilpassa matservering? Ta gjerne kontakt med oss på [email protected], så kan me skreddarsy eit tilbod til deg.