Jul i Svingen

Om arrangementet

Jul i Svingen i Bømlo kulturhus!

Som i fjor vil Bømlo Teater ha «Jul i Svingen» i Bømlo kulturhus, med framsyningar 2.–5.desember. Her møter me Linus, dei andre barna i Svingen og foreldra deira, som er kjente og kjære figurar frå julekalenderen på NRK. Framsyninga er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.
 
Ynskjer alle hjarteleg velkommen til Jul i Svingen!